Ny frivilligheitsstrategi frå Riksantikvaren

Noregs Ungdomslag (NU) sendte i slutten av mai høyringsinnspel til ny frivilligstrategi. Her trakk vi m.a. fram Huset i Bygda og kva rolle dei har spelt og speler i utviklinga av det norske samfunnslivet. Desse husa er framleis viktige som arena for frivillig kulturarbeid og utøving av dans, teater, bunadsarbeid, og anna kulturarbeid. Det er viktig å ivareta desse husa og utvikle dei vidare. Mange av husa er og midtpunkt i grender og bygdelag og fungerer som motvekt til sentralisering. Dei bidreg òg til auka bulyst i distrikta.

I innspelet er NU opptatt av at det er behov for auka kunnskap, både hjå forvalting og eigarar, om potensielle verneverdiar. NU trur at HiB i enda sterkare grad kan medverke som kunnskapsleverandør på dette feltet og at desse husa og arbeidet til HiB bør ha ein naturleg plass i arbeidet med frivilligstrategien til Riksantikvaren.

Vi er difor særs nøgd med at Riksantikvaren i frivilligstrategien har trekt fram NU som ein av dei frivillige organisasjonane som direktoratet ønskjer meir kontakt og dialog med. Dette trur vi kan vere viktig kanal for å synleggjere og ikkje minst auke kompetansen om kulturminneverdiane som desse husa representerer.

Høyringsinnspelet til Noregs Ungdomslag finn de her: Innpel Noregs Ungdomslag

Frivilligstrategien til Riksantikvaren: Frivillistrategi

Huset i Bygda, - prosjektet som skal løfte fram alle grendehusa, er etablert i Trøndelag!

 Prosjektet Huset i Bygda skal gi ein oversikt over og vere ein ressurs for dei organisasjonseigde husa rundt om i heile landet – ungdomshusa, grendehusa, samfunnshusa og bygdehusa. Prosjektet starta i Sogn og Fjordane i 2010, og har etter det vore gjennomført i både Hordaland og i Møre og Romsdal. No har turen komme til Trøndelag.

Her er nokre av dei som skal vere med på å kartlegge alle dei organisasjonseigde husa i Trøndelag. F.v. Torfinn Hofstad, Ely Navarro, Astrid Skogseth, Terje Tranaas, Christoffer Knagenhjelm (frå NU), og Johan Einar Bjerkem. Foto: Beate Haugtrø / NU

F.v. Torfinn Hofstad, Ely Navarro, Astrid Skogseth, Terje Tranaas, Christoffer Knagenhjelm (frå NU), og Johan Einar Bjerkem, skal vere med å kartlegge alle dei organisasjonseigde husa i Trøndelag. Prosjektleiar i Trøndelag, Torunn Hernes Bjerkem, var ikkje til stades da bildet vart tatt. Foto: Beate Haugtrø / NU

 – Målet er å etter tre år ha oversikt over alle dei organisasjonseigde husa vi har i Trøndelag – kven som eig husa, kor dei ligg og kva behov huseigarane har, forklarer prosjektansvarleg for Huset i Bygda-prosjektet, Christoffer Knagenhjelm i Noregs Ungdomslag.

– Vidare er målet å vise fram at desse bygga er viktige kulturarenaer, og å utvikle møtestader og verktøy for huseigarane, for å hjelpe dei å finne gode måtar å drifte husa på, legg han til.

Synleggjering

"Huset i Bygda" er eit prosjekt i regi av Noregs Ungdomslag, med mål om å kartlegge alle organisasjonseigde hus i landet, fylke for fylke. Turen har no komme til Trøndelag, der ein kartleggingsperiode på tre år er støtta av Trøndelag fylkeskommune og Kulturalliansen.

– Både fylkeskommunen og Kulturalliansen deler målsettinga til Huset i Bygda om at husa skal vere gode og viktige kulturarenaer for folk der dei bur. Derfor er vi glade for at dei vil samarbeide med oss om å medverke til å utvikle husa i Trøndelag, seier Knagenhjelm.

Etter å ha jobba med det same prosjektet i Sogn og Fjordane i snart ti år, er Knagenhjelm godt kjend med kva utfordringar dei privateigde forsamlingshusa i distrikta møter. Både når det gjeld økonomi, vedlikehald og å halde oppe aktiviteten. Prosjektet har difor mål om å både synleggjere husa og å hjelpe eigarane med å finne ut korleis dei kan drive husa på best mogleg måte.

Torfinn Hofstad (f.v.) og prosjektleiar frå NU Christoffer Knagenhjelm planlegg Huset i bygda Trøndelag i kontoret til Hilmarstiftinga i Steinkjer sentrum. Foto: Beate Haugtrø / NU

I Trøndelag har stiftinga Hilmar Alexandersen, med Torunn Hernes Bjerkem som prosjektleiar, tatt på seg ansvaret for å få ein oversikt over alle dei organisasjonseigde husa i Trøndelag fram til 2023.

I år er målet å få oversikten over husa i Steinkjer, Inderøy, Verdal, Levanger og Snåsa.

– Med utgangspunkt i Ungdomslaget, er det naturleg å snakke om Ungdomshusa. Men dette prosjektet breier seg ut over meir enn det. Samfunnshuset og skyttarhuset og sanitetshuset - alle desse husa er ein del av det, seier Hernes Bjerkem.

– Hovudmotivasjonen min er å skape aktivitet og å skaffe gode driftige hus på bygda. Så får det andre komme som ein ekstra bonus, seier ho.

Torunn Hernes Bjerkem har frå før mange jern i elden og har stort engasjement både for økologisk urkorn og brødbakst, for Noregs Ungdomslag og folkedansen. No skal ho leie kartlegginga av dei organisasjonseigde husa i Trøndelag, for NU. Da kan det komme godt med at ho har mange kjentfolk. Foto: Privat

Fylle gamle hus med nye ting

Vi snakkar med "Huset i Bygda Trøndelag"-gjengen i lokala til Hilmarstiftinga, midt i Kongensgata i Steinkjer. Det er ikkje tvil om at prosjektet vekker mange minne og assosiasjonar til lokale dei sjølve har besøkt.

Ikkje minst har Terje Tranaas mange historier på lager. Han har i fleire tiår spelt med både Åge Aleksandersen og med DDE, og er derfor eit levande tidsvitne til korleis ein del av husa og forholdet vi har til dei, har utvikla seg.

– Hugs kva dei husa har betydd. Det var jo der ein spelte, heilt klart! seier Tranaas entusiastisk, om scenene på bygdehusa.

Minnest Kvål og Royal Albert hall

Tranaas minnest at britiske band som Supertramp og Judas Priest turnerte på grendehusa på 70-talet, medan dei enno var relativt ferske og på veg opp, og han fortel om da Bjarne Brøndbo og DDE hadde «treningsleir» og sov på Mellingsmo-scena på Namskogan nokre tiår seinare. Den scena står no trygt bevart på Rock city i Namsos. På same scene øvde også Prudence på 60-talet.

Terje Tranaas har lang fartstid bak tangentane, og har spelt med Prudence og DDE i fleire tiår. Han har difor litt andre type minne frå ymse grendehus enn det folk flest kanskje har. Foto: Beate Haugtrø / NU

Og så var det dei gongane han var med og spelte på sjølvaste Kvål forsamlingshus, huset som har vorte eit nasjonalt musikalsk bilde på å gå frå å spele på scener Tranaas kallar "høl i veggen-lokala", til scener i milliard-klassen som Royal Albert Hall. Eller for den saks skyld, dei nyaste kulturbygga her i landet. For Tranaas sjølv er ikkje frå Kvål til Royal Albert hall berre ein song, men faktisk sjølvopplevd.

– Det er jo realiteten! påpeikar han. Og reflekterer samtidig litt rundt kva det har gjort med forventningane til folk, at ein del kulturhus har vorte svært påkosta samanlikna med scenene i husa i distrikta.

Små scener i koronatida

Tranaas peikar òg på at dei store kulturhusa ironisk nok ikkje var der det vart spelt konsertar under koronatida, da det vart for dyrt for artistane å leige lokale for titals tusen for å spele for nokre få publikummarar. Nei, da var det dei små pubane og forsamlingslokala som kunne by på scener der ein hadde råd til å spele for svært få, som gjaldt.

 Men trass i mange minne og legendariske hendingar, trur Tranaas det nyttar lite å prøve å gjenskape noko som har vore.

 – Ein må flytte nye ting inn i gamle hus – fylle husa med nye ting. Ikkje med det same som i gamle dagar.

 Han nemner sine eigne heimlege trakter på Otterøya på Namsos.

 – Der har det vorte ganske hipt å flytte tilbake. På Skomsvoll ligg noko som heiter Folkehallen. Dei på Otterøya drar til Folkehallen på Skomsvoll i staden for inn til kulturhuset i sentrum, fortel han.

Husmøte

Dei aller fleste har kanskje litt andre minne frå grendahusa enn det Tranaas har. Korpsøvingar, korøvingar, bygdafest, bingo, teaterøvingar eller kanskje ein har hatt ei stor feiring der. At minna er mange, og at husa er viktige for lokalsamfunna, er iallfall sikkert.

Ein plan for Huset i Bygda-prosjektet, er å samle huseigarar frå dei forskjellige husa i Trøndelag, til eit felles møte 16. og 17. september, for å dele utfordringar og finne gode løysingar. Johan Einar Bjerkem, som òg er med på kartleggingslaget, nemner at berre i Henning kunne ein samla folk frå iallfall fem forskjellige forsamlingshus. Og om det kjem rundt ti personar frå kvart hus, blir det fort femti personar.

Mange stader er husa i god stand og i aktivt bruk til både kor og korps, konsertar og fest, og ein naturleg samlingsplass i bygda. Andre stader er husa mest brukt til utleige, og har stort potensiale for auka bruk som lokal kulturarena.

Målet med oversikten, er å synleggjere at husa finst, og å synleggjere at dei er viktige kulturarenaer og møtestader. Vidare er målet å kunne hjelpe huseigarane både med søknadsskriving og gode råd om drifta. Både dei husa som fungerer bra i dag, og dei som treng ei kraftig oppgradering.

Har eit mål om ei permanent støtteordning

Om prosjektet kjem like langt i Trøndelag som dei har gjort i Sogn og Fjordane, er det òg eit mål på sikt å få på plass ei permanent støtteordning, som gjer at alle organisasjonseigde hus kvart år kan søke om pengestøtte til forskjellige formar for vedlikehald. Både til mindre prosjekt som å byte vindauge eller kledning, men òg til meir omfattande prosjekt.

For å bruke verdiar på å halde husa ved like så ein kan halde fram å samle folk, drive med kultur og inkludere alle som vil vere med, er verdiskaping like viktig som kroner og øre, meiner Huset i Bygda-gjengen.

I Sogn og Fjordane har dette vorte mogleg gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som såg verdien i å støtte opp om dei lokale forsamlingshusa. Innan 15. april kvart år, kan huseigarane gå inn og søke støtte både til mindre og større vedlikehaldsprosjekt.

No vil Huset i Bygda i Trøndelag-gjengen invitere alle som er engasjerte i eit organisasjonseigd hus på bygda i Trøndelag, til å ta kontakt.

Fakta om Huset i Bygda

  • Landsomfattande prosjekt i regi av Noregs Ungdomslag, som skal kartlegge alle organisasjonseigde kulturbygg, og samle dei i ein eigen husbase.

  • Målet er å synleggjere desse bygga som viktige kulturarenaer, og å utvikle møtestader og verktøy for å gjere drifta enklare for huseigarane.

  • Starta som eit pilotprosjekt i Sogn og Fjordane i 2007, drifta av Ungdomslaget i fylket, for å kartlegge alle husa i fylket og å få på plass støtteordningar for vedlikehald og drift av husa.

  • Prosjektet er i dag permanent i Sogn og Fjordane, med fast støtteordning til vedlikehald av husa frå Sparebankstiftinga i fylket, og med fast støtte frå fylkeskommunen.

  • Har vore gjennomført over ein treårsperiode i Hordaland (frå 2013 til 2016) og Møre og Romsdal (2017-2021). Hausten 2021 starta prosjektet opp i Trøndelag, der Trøndelag fylkeskommune støttar prosjektet med eit årleg beløp til og med 2023.

  • Prosjektansvarleg for Huset i bygda i Trøndelag er Hilmarstiftelsen, med Torunn Hernes Bjerkem som prosjektleiar.

  • Første samling for huseigarar i Trøndelag blir 16.-17. september på Steinkjer. Ta kontakt med Torunn H. Bjerkem på torunn@hilmarfestivalen.no eller telefon 975 62 667 om de er med og driftar eit hus og vil vere med på samlinga. Der kan de møtast og dele erfaringar som huseigarar, få tips og inspirasjon.

  • Ein kartleggingsperiode på tre år er støtta økonomisk av Trøndelag fylkeskommune og Kulturalliansen





Høyringsinnspel til familie og kulturkomiteen (statsbudsjettet 2022)

KONTAKTPERSON:

Christoffer Knagenhjelm

Mob.: 48 00 48 17

E-post: christoffer@ungdomslag.no

Innspel til forslag i Statsbudsjettet 2022

Punkt 5.2.2 «Spilloverskudd til kulturformål», tabell 5.1 og kap. 320, post 76

Jf. punkt 5.2.2 «Spilloverskudd til kulturformål» viser prognosane auke på MNOK 28,3 til kulturføremål. Ser vi på fordelinga av midlar til kulturføremål vert auka i spilloverskotet spist opp av tiltak som er overført til spilloverskudd og nye tiltak til kulturføremål. Huset i Bygda viser her til at overføringa av tilskot til amatørteaterformål på MNOK 22,5 et opp nesten heile prognosen på MNOK 28,3 og at dei samla forslaga i statsbudsjettet truleg overstig prognosane til Norsk Tipping AS på MNOK 28,3.

Kulturdepartementet er godt kjent med at desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg er underfinansiert. Når vi veit at det er om lag 5000 organisasjonseigde kulturbygg i Norge, med eit forsiktig estimert vedlikehaldsbehov på om 2 milliardar kroner er det svært stort behov for friske midlar.

Huset i Bygda meiner at tilskot til amatørteaterformål (kap. 320, post 76) framleis må ligge på statsbudsjettet og at prognosane på overskot på MNOK 28,3 må øyremerkast desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg, slik at vi kan få ein opptrapping frå MNOK 56,25 til MNOK 78,55.

Kap 325, post 78 (jf. tabell 4.14)

Huset i Bygda har i mange år arbeidd for å kartlegge alle formar for organisasjonseigde kulturhus. I diskusjonar kring støtteordningar og finansiering av organisasjonseigde kulturhus vert frivilligheita møtt med at ein ikkje har ein samla oversikt over desse husa og at det difor er vanskeleg å prioritere husa i budsjettarbeidet. Noregs Ungdomslag har ambisjon om at Huset i Bygda skal bli ein landsomfattande ordning. Vi ber derfor at ein aukar støtta til Noregs Ungdomslag med MNOK 1 slik at Huset i Bygda kan gjennomføre kartlegging i fleire fylker enn i dag. På den måten vil vi medverke til at stortinget får det kunnskapsgrunnlaget dei treng for å gjere gode vedtak for å utvikle det frivillige kulturlivet.

Kapittel 315 post 70. Momskompensasjon

Huset i Bygda arbeider for å betre vilkåra til organisasjonseigde kulturhus. Full, regelstyrt momskompensasjon for varer og tenester er svært viktig for desse husa. Det er og viktig at det vert husa vert likebehandla med idrettsanlegg ved at det vert etablert momskompensasjonsordning for ny-, på-, og ombyggingskostnader på kulturbygg, på same måte som for idrettsanlegg.

I haust gjennomfører Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane fleire søknadskurs.

Huset i bygda deltek måndag 23. august i Stryn og onsdag 25. august i Førde!

Her vil vi m. a. orientere om tilskotsordninga vi administrerer til lagseigde kulturhus og covid-19 - kompensasjonsordningar. M.a. har Huset i Bygda nettopp fått ansvar for ny kompensasjonsordning retta mot organisasjonseigde hus som ikkje kan søke dei ordinære ordningane (som samvirke og hus med delt ansvar).

Påmelding til post@sparebankstiftinga.no.

Meir informasjon finn de her: Søknadsskurs

Fristar for å søke momskompensjon og statleg koronastøtte

Hugs at frist for å søke om momskompensasjon for lag og organisasjonar som ikkje er knytt til nasjonale organisasjonar er 1. september!

Frist for å søke koronastøtte er òg endra til 15. november.

Informasjon og søknadsskjema finn de på heimesida til Lotteri og stiftingstilsynet.

https://lottstift.no/nb/

De kan òg ta kontakt med Huset i Bygda om de har spørsmål om ordningane.

Justering av stimuleringsordninga for frivilligsektoren

Regjeringa legg opp til at det skal bli mogleg å søke om både meirkostnadar og mindreinntekter som følgje av myndigheitspålagte koronarestriksjonar.

Huset i Bygda understrekar at vi veit ikkje kva krav som vert stilt til søkarar og kva aktivitetar og arrangement som vil bli godkjent, men det ser ut som det vert lagt opp til vidareføring av tapskompensasjonsordninga frå 2020, med dekking av 50% av tapa ved avlyste arrangement og aktivitet.

Ordninga vil gjelde fram til 31. august.

Det betyr at lag som framleis ikkje er registrert som foreining/lag/innretning og i Frivilligregisteret snarast må gjere dette!

Huset i Bygda vil arrangere møte om kva krav som gjeld omregistrering og registrering i Brønnøysundregisteret. Vi vil kome tilbake med dato og tidspunkt.

Sjå og her: Informasjon frå regjeringa.

Høyring i familie og kulturkomiteen om Meld. St. 18 (2020-2021) Oppleve, skape, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge

20. april skal Huset i Bygda (HiB) delta i høyring om Meld. St. 18 (2020-2021) Oppleve, skape, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge. 

Meldinga gjev ein viktig oversikt over barne og ungdomskulturfeltet. I forkant av meldinga vart det òg gjennomført ein omfattande høyringsprosess, med særleg fokus på å involvere born og ungdom. Meldinga er eit godt kunnskapsgrunnlag for det vidare arbeidet med ein sektor som hittil ikkje har fått den merksemda den fortener og treng.

I høyringa i barne og familiekomiteen er HiB spesielt opptatt av:

Der er kulturaktiviteten i kvardagen, der enkeltindividet sjølv er aktørar i eige lokalsamfunn, som skaper nærleik til andre og som er viktig for utvikling av lokal tilhøyrsle og identitet. Kvar dag er det ein omfattande kulturproduksjon i regi av frivillige organisasjonar i Norge. Å ha ein stad å utøve aktivitetar er ein viktig faktor for utviklinga av lokalt kulturliv og gje gode tilbod til barn og ungdom. Gode fysiske møteplassar medverkar difor til gode kultur- og fritidstilbod, samhald og til heimstadidentitet.

Sjølv om meldinga trekk fram betydninga kulturhus drifta og eigd av frivillige organisasjonar har for barne- og ungdomskulturen, er meldinga lite konkret på korleis regjeringa vil legge til rette for vidareutviklinga av gode, eigna lokale for barn og ungdom. Det er òg fleire strukturelle utfordringar og HiB er ikkje sikker å omdisponere allereie knappe midlar innan for barne og ungdomskulturfeltet vil løyse ut eller auka engasjement i sektoren. Når det gjeld kulturhus er det stor trong for friske midlar. M.a. har tilskot til lokale kulturbygg blitt kutta frå MNOK 135 i 2013 til om lag MNOK 56 i 2020.

Det finns inga samla oversikt, men utrekning utført av HiB syner at det truleg finns om lag 5 300 organisasjonseigde kulturbygg i Norge, med eit forsiktig estimert vedlikehaldsbehov på om lag 1,85 - 2,12 milliardar kroner. Det er òg ulik momskompensasjon mellom t.d. idrettsanlegg og kulturhus drifta av frivillige organisasjonar.

Regjeringa skriv at dei ønskjer å styrke kunnskapen om deltaking og bruk av det frivillige kulturlivet blant barn og ungdom, men med det store omfanget av organisert barne- og ungdomsaktivitetar vi finn innafor frivillige kulturorganisasjonar, saknar vi likevel større merksemd kring dette i meldinga.  Manglande satsing på lokale kulturhus er difor og med på å legge avgrensing på viktige deler av den frivillige barne og ungdomskulturen i Norge og burde i større grad problematiserast i meldinga.

Høyringsinnspel

Lenke til opptak av høyringa (HiB kjem inn i nokre minutt inn i opptaket)

Ny kartteneste frå Huset i Bygda! No er det enda lettare å finne huset ditt!

Ny kartteneste frå Huset i Bygda!

Vi har utarbeide ny kartteneste som syner registrerte hus i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og deler av Hordaland. Finn du ikkje huset ditt, eller saknar informasjon så ta kontakt med oss på christoffer@ungdomslag.no

Sida finn du her (https://storymaps.arcgis.com/stories/e51e1e25cb894d37a2200ada1bcfd3fe)

Døme kartteneste HiB.jpg

Oppmoding til regelendring i høve kompensasjonsordninga til kulturføremål under koronapandemien

Sjølv om det er gjort unntak i forskrifta for at deltakarar i samvirkeføretak kan søke kompensasjonsordninga på vegne av føretaket, er det i realiteten ikkje mogleg for mange av desse husa å tildelast midlar frå ordninga slik ho er innretta i dag.

Kartlegging viser at det på landsbasis truleg er om lag 200 små og store kulturhus i Norge, registrert som samvirkeføretak. Samvirkemodellen har vore nytta av di bygdefolk og lokale organisasjonar gjekk saman i dugnad og som driftar husa på frivillig basis. Slik kompensasjonsordninga er utforma, kan mange av desse kulturhusa diverre ikkje søke om slike midlar.

 Vi ber med dette om at kompensasjonsordninga vert endra slik at samvirkeregistrerte kulturbygg kan søke om og tildelast kompensasjonsmidlar til liks med friviljuge organisasjonar. Ein føreset då at samvirket kan legge fram vedtekter som syner at føretaket ikkje driv fortenestebasert aktivitet, dvs. at det ikkje blir utbetalt utbytte til eigarane, men at overskot går til drift og utvikling av kulturbygga.

Skriv om manglande koronastøtte til kulturbygg registrert som samvirkeføretak til norske kulturpolitikarar.

Informasjon om Koronaviruset (Covid-19)

UTSATT SØKNADSFRIST TIL 1. MAI!

Uavhengig om ein er engasjert i frivillig arbeid, har koronaviruset vore ein påkjenning for både einskildpersonar og familiar. Huset i Bygda ønskjer at påsken kan vere ein tid der det er mogleg å konsentrere seg om familie og andre nære, og finne tilbake til eit meir normalt liv.

Vi har difor endra søknadsfristen for bygningsmessige tiltak til 1. mai for organisasjonseigde bygg i Sogn og Fjordane. Dette er gåvemidlar som vi administrerer på vegne av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.