VELKOMEN TIL "FEST PÅ LOKALET"

VELKOMEN TIL "FEST PÅ LOKALET"

Ungdomshuset, Folkets hus, Grendahuset, Lokalet, kjært barn har mange namn. Alle som vaks opp i distrikts Norge i etterkrigstida har på ein eller annan måte eit forhold til dette lokalet. Her vart det arrangert dansefestar, folkemøte, basar, trimparti og danseskular. Lokalet vart flittig brukt av folk frå alle samfunnslag. I sentrum stod gjerne det gode, norske uttrykket dugnad. Gjennom felles innsats vart det skapt minne for livet.

REGIONSAMLING I VÅGSØY KOMMUNE

REGIONSAMLING I VÅGSØY KOMMUNE

KVALHEIM GRENDAHUS er vertskapet for Regionsamlinga for dei lokale kulturbygga i Vågsøy kommune. Set av kvelden onsdag 28. september kl. 19.00 – 21.30 allereie no. Dette er ei aktuell samling for dykk som ynskjer å styrke det lokale kulturbygget, eller om de treng idear til aktivitet og arrangement. De får også informasjon om søknadsskriving og tilskotsordningar.

BLI MED PÅ SØKNADSKURS TIL HAUSTEN

BLI MED PÅ SØKNADSKURS TIL HAUSTEN

Drøymer de om utvikling og modernisering av det lokale kulturbygget dykkar? Då bør de undersøkje nærare "Spelemiddelordninga for lokale kulturbygg" via Sogn og Fjordane fylkeskommune. Denne ordninga gir midlar til nybygg, ombygging, modernisering, rehabilitering av kulturbygg, og med vekt på Enøk-tiltak.

Er de nysgjerrig på om dette er noko for dykkar bygg, så bli med på Søknadskurs til hausten.

 

REGIONSAMLING FOR ORGANISASJONSEIGDE KULTURBYGG I EID KOMMUNE

REGIONSAMLING FOR ORGANISASJONSEIGDE KULTURBYGG I EID KOMMUNE

Tema for Regionasmlinga vert m.a. Aktivitet og økonomi, Søknadskriving og tilskotsordningar, samt informasjon frå Eid kommune og Eid Frivilligsentral.

Regionsamlinga er gratis. Vi håpar mange set av kvelden og vert med på dette nyttige møte.

Påmeling INNAN FREDAG 20.MAI til husetibygda@ungdomslag.no eller sms/tlf 97403699.

Hjerteleg velkomen!