Sogn og Fjordane

VELKOMEN TIL "FEST PÅ LOKALET"

VELKOMEN TIL "FEST PÅ LOKALET"

Ungdomshuset, Folkets hus, Grendahuset, Lokalet, kjært barn har mange namn. Alle som vaks opp i distrikts Norge i etterkrigstida har på ein eller annan måte eit forhold til dette lokalet. Her vart det arrangert dansefestar, folkemøte, basar, trimparti og danseskular. Lokalet vart flittig brukt av folk frå alle samfunnslag. I sentrum stod gjerne det gode, norske uttrykket dugnad. Gjennom felles innsats vart det skapt minne for livet.

REGIONSAMLING I VÅGSØY KOMMUNE

REGIONSAMLING I VÅGSØY KOMMUNE

KVALHEIM GRENDAHUS er vertskapet for Regionsamlinga for dei lokale kulturbygga i Vågsøy kommune. Set av kvelden onsdag 28. september kl. 19.00 – 21.30 allereie no. Dette er ei aktuell samling for dykk som ynskjer å styrke det lokale kulturbygget, eller om de treng idear til aktivitet og arrangement. De får også informasjon om søknadsskriving og tilskotsordningar.