KVAR FINN EIN LANDET SINE "SKARPASE SKALLAR"?

 Kunnskapstevlinga Kven Veit? 2016 startar snart. Kanskje er nettopp dette konkurransen for ditt lokallag, vennelag, klubb, skuleklasse, m.m.? Påmeldingsfristen er 10. januar

Kunnskapstevlinga Kven Veit? 2016 startar snart. Kanskje er nettopp dette konkurransen for ditt lokallag, vennelag, klubb, skuleklasse, m.m.? Påmeldingsfristen er 10. januar

Er du ikkje i tvil om at "landet sine skarpaste skallar" fins i ditt lokalmiljø, så meld dykk på og bli med i kunnskapstevelinga Kven veit? I 2016 er temaet Ungdom i 100! i høve at medlemsbladet Ungdom kjem ut i sin 100. årgang. 

Kven veit? har to klasser: Junior Kven veit? for dei opp til 14 år, og Senior Kven veit? for vaksne over 14 år. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er temaet for tevlinga. 

I 2015 spurta Røstkvervet Ungdomslag frå Sør-Trøndelag inn til siger med Bergen Ungdomslag Ervingen og dansarane frå BUL Steinkjer hakk i hel. Og skal ein tru resultata ifrå 2015 så er det ikkje tvil om at det er i Sogn og Fjordane dei skarpaste ungdommane veks opp.

Men ein siger i Kven veit? kan ikkje vara evig, så bli med å gje vinnarane frå 2015 motstand. 

Les meir og meld på laget via vår heimeside