KVEN VEIT? 2017

Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er tema for tevlinga. I 2017 er temaet Frilynt. 

Deltakarlaga får i god tid før tevlinga startar tilsendt studiemateriell om temaet for årets tevling. I studiemateriellet vil de få lese artiklar knytt til tema. Vi forsøker å lage eit studiehefte som både er morosamt og lærerikt å lese.

Kven Veit? er både eit opplegg for studiering og ei kunnskapstevling. I tevlingsrundane svarar tevlingslaga på spørsmål henta dels frå tema og dels frå allmennkunnskap.

Frilynt er tema
I 2017 er temaet frilynt for temahefte. Frilynt er ein av kjerneverdiane til NU, men kva ligg eigentleg i dette ordet? Ikkje så reint lite. I handlingsplanen frå 1986 vart det definert slik:

Det frilynte grunnsynet
Noregs Ungdomslag skal arbeide for opplysning og samhald mellom ungdomen. Dette skal femne om alle sosiale grupper, tene den demokratiske samfunnsforma og ut frå den heimlege kulturarven styrkje personlegdomen til kvart einskilt menneske. Alt lagsliv må byggje på prinsippet om mennekseverd, menneskerett, individuell fridom, tolsemd i all åndeleg strid og tanken om brorskap, likeverd og like kår for alle menneske utan omsyn til landsdelar, landegrenser, klasseskilje, rase, kjønn, religion og politisk overtyding.


Og i prinsipprogrammet til NU står det:
Det frilynte miljøet er basert på toleranse, omgrep som menneskeverd og likeverd står derfor sentralt i Noregs
Ungdomslag. I ungdomslaget skal alle kunne finne ein trygg og inkluderande møtestad, der ein vinn respekt for ulik
livspraktisering, politisk oppfatning eller kulturbakgrunn.


Deltakaravgift
Deltakaravgifta for Senior er kr kr 450 for kvar gruppe, samt kr 65 per deltakar for studiemateriel. Vi gir rabatt til lag med mange grupper. Deltakaravgifta er frå og med fjerde gruppe kr 300.

Deltakaravgift for Junior er kr 300 for kvar gruppe, og studiemateriellet er gratis.

Førebels framdriftsplan for tevlinga:

12. januar: Påmeldingsfrist for laga.
Veke 8: 1. tevlingsveke
Veke 11: 2. tevlingsveke
Veke 14: 3. tevlingsveke
20. april: Kåring av vinnar

Studieplan kan lastast ned her i januar

MELD LAG PÅ HER