Regionsamlingar i Møre og Romsdal

Har du lyst på besøk frå Huset i Bygda? Framover våren planlegg vi regionsamlingar i fylket, og det er mogleg å komme med ynskje om besøk til huset ditt. Samlingane er ment å vere for organisasjonseigde hus i ein kommune eller ein region, og er ein kveld med fagleg påfyll, gode eksempel og erfaringsdeling. Ein triveleg møteplass til inspirasjon for folk med hjarte for grendahuset.

Er dette noko for huset ditt? Meld interesse til

siri@ungdomslag.no / tlf. 97 08 34 10