"SKULEN MIN"

Prosjektet Skulen min er godt i gang med å samle skulehistoria i Sogn og Fjordane, og bilete av gamle skulehus er ein viktig del av dokumentasjonsarbeidet. Vi har allereie knipsa bilete av mange skular, men Sogn og Fjordane eit vidstrakt fylke og vi rekk ikkje over alle.

Vil du hjelpe oss, eller er du kanskje medlem i eit sogelag som har lyst å engasjere seg i dette? Du kan fotografere skulehus i ditt nærområde og sende det til oss på skulenmin@sfj.no eller bruk emneknaggen #skulenmin på Instagram eller Facebook.

Etter kvart ønskjer vi også å samle inn meir informasjon om dei lokale skulane og personlege forteljingar frå skuletida. Ta kontakt om du vil bidra! Alle bidrag er velkomne, store som små.

På LokalhistorieWiki.no kan du søke opp prosjektet «Skulen min» og sjå kva vi har gjort til no. For meir informasjon om prosjektet og kontaktinformasjon: www.sfj.no/skulen-min.

Fotograf bilete frå skulehuset på Kinn er Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune. Lisens cc by-sa.