Idébanke

Kva kan vi gjere for å auke inntekta til huset? Her er nokre idéar som vi har fått av huseigarar i fylket.

Grasrotandelen

Frå februar 2009 har lag/organisasjonar høve til tilknytte seg til Norsk Tipping og Grasrotandelen, og på den måten motta frie midlar til laget si verksemd. Dei som spelar i Norsk Tipping og knyter seg til ditt lag gjev dermed 7% av det dei spelar for direkte til organisasjonen. Det krev ein liten jobb av laget før den tid, med å registrere seg og "verve" spelarar til sitt lag. På Norsk Tipping si side finn du nyttig informasjon om dette. For å kunne registrere seg som Grasrotmottakar må ein ha eit organisasjonsnummer i Frivillighetsregisteret i Brønnøysundregisteret. Frivilligregisteret vart etablert frå 2009 og skal vere ei oversikt over heile det frivillige organisasjonslivet - store som små, sentralt, regionalt og lokalt.  Gå inn på Brønnøysundregistrene.

Heimesida til Grasrotandelen (Norsk Tipping)

Vi oppmoder alle huseigarar / lag til å registrere seg i dag! Dette er lettente penger når registreringa er gjort.

Døme: 20 spelarar som i gjennomsnitt spelar for kr 50,- pr. veke = 3640,- utbetalt pr. år.

Loppemarknad

Loppemarknad kan gje ein god sum pengar i inntekt utan at ein har utgifter, men det krevst dugnadsinnsats. Det kan vere lurt å planlegge ein loppemarknad om våren som er storsesong for opprydding i heimen. Send ut informasjon til lokalbefolkninga i god tid slik at dei har høve til å leite fram lopper. Nokre har sett av faste dagar for å køyre rundt og hente lopper, med stor suksess. Då er det fleire som vel å gje noko når dei slepp arbeidet med å bringe det. Det kan vere lurt å vere litt kritisk til kva lopper ein tar i mot, slik at det ikkje vert ein enkel måte for folk å bli kvitt søppelet sitt på. Om ein er konsekvent på å takke nei til øydelagde møbler o.l. går dette greit.

Basar

Å arrangere basar kan vere både inntektsgivande og sosialt i bygda. Lokalt næringsliv er ofte med å sponse gevinstar til basarar. Så her er det berre å vere om seg å spør! Også bønder kan gje flotte gevinstar, populært døme er ein palle med ved. Grønsaker, bær og blomar er andre flotte "bruksgevinstar". Nokre stader er det også vanleg at alle i bygda som kjem på basaren tar med seg ein gevinst eller to. Lag enkel servering ved å kjøpe inn mat eller ring rundt og få folk til å lage eit fat kvar med smørbrød eller kake. Om huset er inne i ein periode med fokus på å skape meir aktivitet i huset eller oppussing kan dette vere ein godt høve til å informere og engasjere bygda rundt dette. Lag ei kreativ framsyning av huset si historie t.d. som innleiing. Vis bilete, teikningar, litt om økonomiske problemstillingar (med ein positiv vinkling) og lag ev. lister som dei kan signere seg på til dugnad og kva type dugnadsinnsats dei kan gjere. Treng laget eller hus nye styremedlemmar? Basar er òg ein ypparleg anledning til å minne folk på verdien av å sitje i styre og stell!

Julemesse

Det er ofte mange kreative personar som sit i dei tusen heimar og lagar flotte handverks- og bruksgjenstandar. Mange av desse er også interessert i å selgje produkta sine. Ved å lage julemesse kan dei få høve til å vise fram og selgje det dei har laga og huset kan både skape aktivitet og få inntekt på det. Her kan ein lage stand-område der ein har fast pris for kvar plass. Ein kan alternativt lage eit opplegg som gjer at ein viss prosent av inntekta til den enkelte produsent vert gjeve til laget/huset. Sistnemnde variant er nok mest brukt ved større marknader der mange etablerte produsentar som sel godt er med. Er det berre "hobbybaserte" produsentar med bør ein kanskje halde seg til ein fastpris per stand. Huset kan sjølv ha kafé med sal av mat/kaker og drikke. Kvifor ikkje lage graut, då kan familien legge laurdagsmiddagen til messa? Ev. kan ein lage andre typar aktivitetar, som juleverkstad for born med inngangsbillett. Då kan foreldre få god tid til å gå på julemarknaden medan borna er på juleverkstad.

Husets venar

Nokre hus har eit aktivt lag eller organisasjon som eigar medan andre har eit grendalag eller husstyre som står formelt som eigar. Dette gjer at ikkje alle har tilgang til ein medlemsmasse i høve aktivitet eller medlemskontingent. Eit tips til dei kan vere å lage "husets venar". Dette kan vere med på å skape ei fast inntekt i året som kan vere til stor nytte for huset. Mange av dei som har tilknyting til eit hus vil også meir enn gjerne bidra med nokre hundrelappar i året for å kunne sikre huset til bruk i framtida. Send ut eit brev med informasjon og tankar for framtida, om oppussingsprosjekt, aktivitetar i året som kjem mm. og ei oppmoding om å bli med i Husets venar. Set opp eitt, to eller treårig medlemskap for å gjere dette meir forutsigbart. Nokre har også prøvd seg med 10 års medlemskap. Det gav god respons! Så her må ein føle litt på kva som kan vere aktuelt i si bygd.

Døme: 30 personar x 250,- pr. år = 7500,- pr. år x 3 år = 22500,-

Verve- og medlemskampanjar

Send ut informasjon i bygda med ønskje om nye medlemmer til laget/organisasjonen som står som huseigar. Fokuser på det positive med ny aktivitet, oppussing mm. Lag ein vervekampanje som både kan vere retta mot medlemmer som vervar nye medlemmer men også til dei som sjølv melder eg inn. Få sponsa ein premie eller lag ei kreativ premiering, t.d. gratis inngang på bygdefestar i eit år.