Momskompensasjon

Frivillige lag og organisajsonar kan søkje om momskompensasjon på kjøp av varer og tenester. Frist for 2012 er 1.september.

Regjeringa ønskjer å trappe opp støtta til den frivillige sektoren. Difor vart det i 2010 vedteke ei ny ordning der frivillige organisasjonar kan søkje om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift dei har hatt ved kjøp av varer og tenester, basert på årsrekneskap eitt år tilbake i tid. Den nye ordninga erstattar den tidlegare ordninga med kompensasjon for tenestemoms.

Målgruppe
Målgruppa for ordninga er frivillige organisasjonar, med avgrensingar etter § 5 i forskrift om merverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar.

Lovgrunnlag
Ordninga med momskompensasjon er forankra i forskrift om merverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjoner.

Kan vi søkje?

Sist oppdatert: 3. juli 2012

Er de ein frivillig organisasjon, eller driv de med frivillig arbeid og har store momskostnader? Då kan det vere pengar å hente her. De kan få kompensert deler av meirverdiavgifta på varer og tenester.

Formål
Formålet med ordninga er at frivillige organisasjonar skal kunne søkje om kompensasjon for moms på varer og tenester. Det betyr at dersom ein kunstklubb f.eks. kjøper ny kaffimaskin, kan klubben få igjen for momskostnader på denne og andre varer og tenester, dersom dei elles oppfyller kriteria.

Kven kan søkje?
Kravet er at de er ein frivillig organisasjon der frivillig innsats er ein viktig del av verksemda. I tillegg må organisasjonen

  • vere registrert i Frivilligregisteret innan søknadsfristen, 1. september 2012
  • kunne dokumentere at frivillig innsats er ein viktig del av verksemda (De må leggje eigenerklæring for frivillig arbeid ved søknaden. Les kva som blir definert som frivillig verksemd, i lov om register for frivillig virksomhet § 3.
  • oppfylle kriteria elles

Lokal- og regionalledd
Er organisasjonen din eit lokalledd eller eit regionalledd? Dersom organisasjonen du søkjer for, er medlem (underledd) i ein sentral organisasjon (f.eks. Norges idrettsforbund, Norges Røde Kors, Norske Kvinners Sanitetsforening), skal sentralleddet sende søknaden. Ta derfor kontakt med sentralleddet for å få informasjon om rapportering og interne fristar. Meir om regional- og lokalledd.

Frivilligregisteret
Sentralledd og enkeltståande søkjarar må vere registrerte i Frivilligregisteret innan 1. september 2012. Regional- og lokalledd treng ikkje vere registrerte i 2012. Det betyr at alle regional- og lokalledd kan vere del av sentralleddet sin søknad i 2012 uavhengig av om dei er registrerte i Frivilligregisteret eller ikkje.
Ver merksam på at alle ledd må være sjølvstendige juridiske einingar, jf. § 3 i forskrifta.

Minstegrense
For å kunne søkje må organisasjonen ha driftskostnader eller momskostnader som er større enn minstegrensene:

  • Etter forenkla modell må organisasjonen ha totale driftskostnader på minst 300 000 kroner, etter avgrensingar og frådrag.
  • Etter dokumentert modell må organisasjonen ha faktiske momskostnader med rett til kompensasjon på minst 21 000 kroner.

Minstegrensene gjeld likevel ikkje dersom de er eit underledd av ein sentral organisasjon. Då er det totalsummen for heile organisasjonen sin søknad som gjeld. Meir om dei to modellane.

Pliktige vedlegg
Alle søkjarar må ha godkjend og signert årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for føregåande år. Andre pliktige vedlegg vil vere avhengig av modellval og storleik på organisasjonen. Meir om pliktige vedlegg.

Henta frå Lotteri- og stiftelsestilsynet si heimeside https://lottstift.no/momskompensasjon/

Søknadsmodellar

Ordninga med momskompensasjon skal vere tilgjengeleg og lett å handtere for lokale lag og organisasjonar. Difor er det laga to ulike modellar som søkjarane kan velje mellom. Organisasjonar som utgjer fleire ledd, må bruke same modell for alle ledd.

Frå 2012 krev vi ei bindingstid på tre år. Det betyr at du i tre år framover må bruke den søknadsmodellen du vel i 2012.