Om Huset i bygda

Forsamlingshusa på bygdene er svært viktig som sosiale møtestader, som arena for innøving og utøving av kultur og som kulturminne. Dei organisasjonseigde kulturbygga – ungdomshusa, grendehusa, samfunnshusa og bygdehusa – er levande kulturarenaer, i stor grad finansiert med dugnad og frivillig innsats.  ”Huset i bygda” betyr mykje for samhaldet, identiteten og aktiviteten i små og større bygder og byar.

Sogn og Fjordane Ungdomslag utvikla pilotprosjektet "Huset i Bygda," som vart gjennomført i perioden 2010-2013. Ein viktig del av prosjektet er å kartlegge alle organisasjonseigde kulturbygg i prosjektfylket, slik at desse kan samlast i ein eigen husbase. Prosjektideen er vidare å løfte fram og synleggjere desse kulturbygga som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar. Huset i Bygda Sogn og Fjordane er no inne i sitt sjuande år.  

I Hordaland fekk prosjektet midlar frå fylkeskommunen til eit treårig prosjekt frå 2013 til 2016, og er no inne ein avsluttande fase. Stafettpinnen går vidare til  Møre og Romsdal, som også har fått fylkeskommunale midlar til eit treårig prosjekt.  Oppstart var i februar 2017, og vil gå ut desember 2019.