Verdisetting av dugnad og gåver.

I ein søknad om tilskot er det viktig å verdsette dugnad som vert utført og å synleggjere sponsing og gåver.

Sist oppdatert 12.9.2019.

Dugnad

For å verdsette verdien av dugnad er det to alternativ:

1. Pristilbod frå entreprenør e.l.

Om ein vel å gjere arbeidet på dugnad og om laget har eit konkret prosjekt som er enkelt å avgrense, kan ein be om eit pristilbod frå fagfolk på kva dei vil ta for å utføre jobben. Ein legg då summen som ein får tilbod på, inn som verdi på dugnadsarbeid. Det har ikkje betydning om de brukar 30 eller 130 timar på jobben. Summen ligg fast og er ikkje knytt opp mot timar.

2. Timerekna dugnad

Det er ein del arbeid med nybygg, vedlikehald etc. som ikkje er så enkelt å avgrense i eit anbodsprosjekt. Det kan då vere nyttig å rekne timar med fast sats som dugnadsinnsats. Bruk då ein timesats på kr 300,-

Sponsing

Det kan vere lurt å be om rabatt hos lokale forhandlarar, spesielt om ein skal byrje på større prosjekt. Det er mange som ser verdien av å støtte lokale lag og organisasjonar og gjev gode rabattar. Om ein skal søke om tilskot til eit prosjekt bør de be om eit prisoverslag på kva det vil koste i materialkostnadar hjå ein forhandlar. Dei vil då sette opp den vanlege prisen på produkta og du kan setje det opp som ein utgiftspost. Spør om du kan få rabatt ved å handle hjå vedkommande og ved kjøp av eit visst kvantum.

Om dei kan gje deg eit konkret svar på kva dei kan gje i rabatt, som ein prosentsats av prisen, er det enkelt å rekne seg fram til kva laget ditt vil spare på denne rabatten. Sett då opp summen, eller summane om de har fleire forhandlarar de skal handle dei ulike produkta hos, som ein finansieringspost: Sponsing.

Døme:

Dehar fått kostnadsoverslag frå kjøpmann på materiell kostnader til kr 15 000,- Kjøpmannen vil gje dykk 20% rabatt, som utgjer kr 3 000,- I budsjett står summen påmateriell kostnader på kr 15 000,- I finansieringsdelen står det oppførst kr. 3 000,- som sponsing.

Gåver

Deter mange form for gåver. Nokre ynskjer å gje reine pengegåver til noko dei vil støtte økonomisk. Det kan vere lag og organisasjonar, bedrifter eller privatpersonar. Alt dette kan førast opp som gåver i ein finansiering av eit prosjekt eller aktivitet. Det er òg ein del handverkarar eller privatpersonar som utførar noko med maskiner, låner ut noko utan å ta betaling for det, eller bidreg på andre måtar med det som normalt vil vere ein kostnad for laget. Det kan vere at nokon eiger ein gravemaskin som dei tar med å utførar graving på dugnad. Dei har då i tillegg til sin eigen arbeidsinnsats som er verdt noko, i tillegg bidrege med maskin som vi vanlegvis må betale ein timepris for å leige. Det kan vere nokon låner dykk gratis stillas. Det er normalt ein fastpris pr. dag/veke eller helg på å leige slikt utstyr. Dette er berre nokre døme, det finnest mykje som vert gjort på dugnad med utstyr som ein normalt har utgifter på. Dette bør synleggjerast i finansieringa av eit prosjekt. Bruk då eit gåvebrev som vedkommande fyller ut med namn og verdi på utført teneste (det dei normalt ville tatt i betaling). Dette vil då bli liggande ved finansieringa som ein gåve. I budsjettet setter vi opp den reelle summen på kva det vil koste å leige ei gravemaskin eller eit stillas og i finansieringa set ein inn tilsvarande sum som gåve.

Last ned mal til gåvebrev, som word eller pdf-fil.