Dette er ein samling for lokale lag, foreiningar og eldsjeler som eig og driftar lokale kulturhus (ungdomshus, samfunnshus, grendahus, bedehus mm.).
Husmøtet vert arrangert i samarbeid med Hordaland Ungdomslag, og Strandebarm Ungdomslag er vertskap. Ungdomslaget eig det einaste freda ungdomshuset i landet, teikna av arkitekt Torgeir Alvsaker, som i år ville ha fylt 150 år. Huset er særleg kjent for sitt forseggjorte inngangsparti og eigenarta sal.
Endeleg program kjem snart, men det vert både synfaring i ungdomshuset, vi kjem òg til å prate om søknadsskriving og kor det er mogleg å søke om tilskot til hus og prosjekt, universell utforming, HMS og gode rutinar for huset vil og vere tema under samlinga. Her er branntryggleik eit viktig stikkord.
Tid: 23. november, 13.00 – 16.00
Det vert enkel servering og god stemning.
Kontakt Ida Søderstrøm for påmelding og dersom de har spørsmål om samlinga.
ida@ungdomslag.no/mob. 93251585.

