Huset i bygda
Ein kulturarena der du bur.
Visste du at det finst rundt 5 500 organisasjonseigde kulturhus i Noreg? Hus som kvar einaste dag skaper aktivitet, fellesskap og kultur og der meir enn 10 millionar menneske kvart år deltek på arrangement, aktivitetar og møte.
Bak desse husa står tusenvis av frivillige. Kvart år legg dei ned rundt 650–700 millionar kroner i dugnadsinnsats, og ein gjennomsnittleg frivillig bruker nær 400 timar i året på å drive, vedlikehalde og utvikle huset sitt.
Huset i Bygda (HiB) arbeider for å løfte fram og synleggjere alle former for organisasjonseigde kulturbygg som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar. På den måten vil vi skal skape synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg i Noreg.


Populære ressursar

- Bunad og handverk
- Folkedans
- Levande kulturarv
- Teater
- Ungdomshus
- Kvart år 30. november
Økonomi
Frifond
Har lokallaget fem eller fleire medlemmar under 26 år, og eit aktivitetstilbod til desse? Då kan de søke Frifond!

Økonomi
Momskompensasjon
Har laget driftskostnadar? Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Husdrift
Verktøykasse for huseigarar
I verktøykassa for huseigarar finn du døme og maler på mellom anna planlegging, økonomi, samarbeid, vedlikehald og kommunikasjon.

Tilskotsordningar for dykk som driver husdrift
Utforsk tilskotsordningar som vil hjelpe dykk med å samle inn pengar til huset dykkar.






