Dette er eit viktig steg vidare for å byggje eit sterkt fagmiljø for kulturbygg i frivillig sektor i landet, med utgangspunkt i Sogn og Fjordane.
Prosjektet vart starta i 2010 på initiativ frå Sogn og Fjordane Ungdomslag, og har sidan vorte ein viktig ressurs for frivillige eigarar av ungdomshus og grendehus over heile landet. Huset i Bygda har bidrege med rådgjeving, nettverk og fagleg støtte, og har mellom anna forvalta nasjonale tilskotsordningar og utvikla verktøy for kartlegging og drift. I tillegg utarbeidar Huset i Bygda statistikk og er viktig pådrivar for å sikre huseigarane betre rammevilkår.
Sparebankstiftinga har vore ein sentral støttespelar sidan starten, og samarbeidet har gjort det mogleg å gjennomføre bygningsmessige tiltak i heile Sogn og Fjordane sidan 2016. Dette er ei nasjonal satsing med utspring i Sogn og Fjordane og arbeidsplassane skal liggja her.
Prosjektet får større nasjonal merksemd og er stadig fleire som ser kor viktig husa er for lokalt samhald, identitet og kulturaktivitetar i små og større bygder og byar. Vi merkar òg større pågang og interesse frå andre deler av kulturlivet. Dette gjeld både frivillig sektor og profesjonelle aktørar. Her er støtta og det gode samarbeidet med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane heilt avgjerande for at me skal klara å løfta «Huset i Bygda» som nasjonal ressurs til alle lag og organisasjonar som eig og driftar dei lokale kulturscenene i Norge.
Nøkkeltal frå Huset i Bygda (2024):
5461 organisasjonseigde kulturbygg i Noreg
Kvart bygg har i snitt 2000 årlege brukarar
10,2 millionar besøk totalt
380 dugnadstimar i snitt per bygg
Dugnadsverdien utgjer over 660 millionar kroner