VELKOMEN TIL "FEST PÅ LOKALET"

Sogn og Fjordane Teater presenterar "På lokalet". Ei førestilling med dans i ulike sjangerar som fokus.

Dei komande vekene vert denne førestillinga å sjå på eit lokalt kulturbygg nær deg.

SPELEPLASSAR:
  2. september      Førde, Viking
  3. september      Førde, Viking
  6. september      Innvik, Heimlund
  7. september      Breim, Breimshallen
  8. september      Stadlandet Grendahus
  9. september      Førde, Viking
10. september      Ålhus, Borgja
13. september      Holmedal Bygdehus
14. september      Værlandet Ungdomshus
15. september      Dale, Trudvang 
16. september      Solund Grendahus
17. september      Bygstad Ungdomshus
20. september      Feios Ungdomshus
21. september      Ungdomshuset Leikvang, Leikanger
22. september      Eivindvik Ungdomshus
23. september      Åfjorddalen Ungdomshus
24. september      Naustdal, Fosshalla 
25. september      Flora Samfunnshus

Samhald, gryande kjærleik, avvising, den elleville fylla, den første klossete dansen, eller det famlande tungekysset bak hushjørnet – alle har vi ulike bilete med oss frå lokalet i bygda vår. Nokre beherska denne sosiale arenaen til fulle, medan lokalet baud på større utfordringar for andre. Med kjensler og livsskjebne på utstilling framfor alle vart huset åstad for skjellsettande opplevingar i mange sine liv.

Utafor lokalet gjekk verda vidare og samfunnsutviklinga sin skeive gang. Vår nære fortid, landet og verda gjekk gjennom store endringar, medan dansen gjekk på lokalet. Samværet og dansen forandra seg også, verda vart aldri den same igjen.

"På lokalet" er ein hyllest til huset vi møttest i. Viss veggane kunne snakke, seier vi ofte, men her skal vi la dansen fortelje historia. Huset såg folk kome og gå, danse, sladre, forelske seg, skiljast, bli gamle. Livets dans vart dansa på lokalet.

Du finn meir informasjon på heimsesida til Sogn og Fjordane Teater.

Velkomen til fest på lokalet!