AUKA SØKNADSTAL - REDUSERTE LØYVINGAR

Sogn og Fjordane fylkeskommune er uroa for den store og raske statlege nedbygginga av tilskotsordninga til kulturbygg. Det har vore ei halvering av spelemidlar til føremålet i løpet av dei siste to åra. Behova i kommunar og lokalsamfunn er store.

Reduksjonen i løyvingane til lokale og regionale kulturbygg vil derfor ha svært negative konsekvensar for det lokale kulturlivet.

– Lokalt kulturliv treng gode rammevilkår for å vekse og utvikle seg, og eigna lokale er ein viktig faktor der staten kan spele på lag med kulturlivet i heile landet, seier fylkesordførar Jenny Følling.    

Midlane er svært viktige for å kunne oppretthalde og utvikle ein infrastruktur for det lokale og regionale kulturlivet, der dei lagseigde grendehusa/bygdehusa er viktige møteplassar i bygdene.

Stort behov

I fylkeskommunen har vi ikkje registrert at behovet for gode øvings- og framføringsarenaer er redusert. Tvert om, er det stort behov for midlar både når det gjeld tilrettelegging, rehabilitering, og nye arenaer. Samarbeidet fylkeskommunen har med Huset i bygda og Sparebankstiftinga om prioritering og finansiering av rehabilitering og modernisering av desse bygga er eit viktig tiltak i å styrke husa som møteplass i bygda.

I ei uttale til Kulturdepartementet oppmodar Sogn og Fjordane fylkeskommune staten til å anerkjenne viktigheita av denne tilskotsordninga på same måte som ein anerkjenner viktigheita av gode ordningar som finansierer anlegg til fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Fylkeskommunen ventar at ordninga vert oppretthalden, og at løyvingane vert auka opp til 2014-nivå, dvs. meir enn doblast frå dei løyvde 63 mill. i år.

Uttale vedtatt i hovudutval for næring og kultur

Søknadstal aukar

I Sogn og Fjordane har søknadstalet til ordninga auka mykje dei siste åra, medan løyvingane går ned. I 2016 har fylket 18 søknader, og 5 av desse fekk midlar, på totalt 2,2 millionar kroner.

I 2014 var det 9 søknader, av desse fekk 8 midlar, totalt 5,6 mill. kr. I 2012 var det 5 søkjarar  som fekk i overkant av 3 mill. i tilskot.

Samtidig ser vi at i 2015 fekk Sogn og Fjordane ei løyving p.r. søknad på 0,2 mill., medan vi hadde den nest høgaste søknadsmassen. Sør-Trøndelag har ei løyving på 5,5 mill. til sin eine søknad. Vi meiner difor at behovsprøving må vere eit av kriteria ved tildeling av midlar.

– Sogn og Fjordane ville truleg få større utteljing i samla løyvingssum med eit slikt kriterium lagt til grunn. Dette handlar om viktige rammevilkår for den lokale kvardagskulturen seier Jenny Følling.

– Vi utfordrar difor staten til å samarbeide med det lokale og regionale kulturlivet for å utvikle ordninga til beste for kvardagskulturen i heile landet.

Kontaktpersonar

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Sissel Lillebø Aarseth
fagkoordinator
Sissel.Lillebo.Aarseth@sfj.no
91152030

Guro Høyvik
rådgjevar
guro.hoyvik@sfj.no
415 30 608