SØK PENGAR TIL HELSEPROSJEKT I DITT "HUS I BYGDA"

Mange av dei lokale kulturbygga i fylket kan gjennom medlemsskapet i Noregs Ungdomslag og andre organisasjonar, få tilgang på ein del tilskotsordningar. Dette gjeld t.d. Extrastiftelsen, der ein kan søkje støtte til prosjekt som har eit førebyggande og helsefremmande perspektiv.

Fleire kulturbygg har dei siste åra fått midlar til å gjere ungdomshusa universelt tilrettelagt.
Døme på lag som har fått midlar: UL Liv 1,1 millionar til utbetring av ungdomshuset. Flekke UL: om lag 50000 til rullestolrampe. Mjeldalen UL 330.000 kroner til universell tilrettelegging gjennom nybygg. Leikanger UL fekk midlar til tibygg med toalett og universell utforming.

Dersom kulturbygget ditt er tilknytt Noregs Ungdomslag, og du ynskjer å vite meir om dette, så ta kontakt med Alf Steinar på NU-kontoret så tidleg som mogleg, slik at det kan opprettast brukarprofil på laget i søknadsportalen. Då får laget så tidleg som mogleg eit oversyn over kva dokumentasjon ein må sende ved søknaden.

Dersom huset ditt ikkje er tilknytt Noregs Ungdomslag, så kan de undersøkje om dette likevel er aktuelt for ditt hus, ved å undersøkje meir på nettsida til Extrastiftelsen.

Søknadsfrist er 1. mars!