Regionsamlingar i Vanylven og Sykkylven

Neste veke skal Huset i Bygda ha regionsamlingar på Sunnmøre, og kjem til

Fiskå Ungdomshus måndag 19.mars kl. 19.00 og

Velledalen Grendahus tysdag 20.mars kl. 19.30

Huset i Bygda Møre og Romsdal skal jobbe for ei auka merksemd rundt verdien av dei organisasjonseigde og frivillig drifta husa i fylket vårt. På samlinga får du informasjon om prosjektet og korleis det kan nyttast av ditt lag eller foreining. Det vil også bli gitt tips og råd om ulike tilskotsordningar og korleis ein kan utforme gode søknadar.

Dette er ein god anledning til erfaringsdeling, og ein møtestad for alle som brenn for huset i bygda. Samlinga er gratis og open for alle interesserte. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med 

Siri Skjerve, prosjektleiar for Huset i Bygda Møre og Romsdal

Telefon: 97083410 E-post: siri@ungdomslag.no