Stillinga er fast og todelt, og inneber:
- Oppfølging av «Huset i bygda» med mål om å styrke dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket. Dette vil utgjere 40 % av stillinga. 
- Kontakt med og informasjonsarbeid ovanfor lokale ungdomslag i Sogn og Fjordane Ungdomslag, samt administrative oppgåver for fylkeslaget. Dette vil utgjere 10 % av stillinga. 
Om «Huset i bygda»:
”Huset i bygda” starta som eit prosjekt i Sogn og Fjordane Ungdomslag i 2010 og er no eit fast satsingsområde i fylkeslaget. For meir informasjon, sjå i øvste menyen "Om oss".
Om Sogn og Fjordane Ungdomslag:
Sogn og Fjordane Ungdomslag er fylkeslag for 40 lokale ungdomslag med i alt 1 050 medlemer, og har som mål å tilby kurs, samlingar og oppfølging av dei lokale ungdomslaga.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Gjennomføre kommunevise samlingar for huseigarar for auka kompetanse, erfaringsdeling og nettverksbygging. 
- Gjennomføre årlege kulturhuskonferansar.· 
- Samle opplysningar om dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket til ein nasjonal husdatabase og til «Fylkesatlas» i Sogn og Fjordane. 
- Gjere kulturbygga meir synlege og drive informasjonsarbeid. 
- Samarbeide med Noregs Ungdomslag og «Huset i bygda» i andre fylke. 
- Kontakt med og informasjonsarbeid til dei lokale ungdomslaga i fylket. 
- Administrative oppgåver for fylkeslaget. 
- Søkje ekstern finansiering, og ha kontakt med og rapportere til tilskotsgjevarar. 
- Bygge nettverk med sentrale samarbeidspartar. 
Om stillinga:
- Noregs Ungdomslag sentralt er arbeidsgjevar. 
- Styret i Sogn og Fjordane Ungdomslag og ei ressursgruppe for Huset i bygda vil vere med å definere ansvar og oppgåver. 
- Administrasjonsspråket til Noregs Ungdomslag er nynorsk. 
Ideelle kvalifikasjonar:
- Erfaring med å drive prosjekt, informasjonsarbeid og arrangementsplanlegging. 
- Engasjement for lokalt kulturliv. 
- Erfaring frå drift og aktivitet i lokallag og/eller forsamlingshus. 
- Gode formidlingsevner, både skriftleg og munnleg. 
- Erfaring med og kunnskap om bruken av relevante dataverktøy. 
- Minimum treårig høgare utdanning eller relevant realkompetanse. 
- Søkjaren må ha sertifikat og disponere eigen bil. 
- Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt. 
Vi tilbyr:
- Fleksibel arbeidstidsordning og løn etter kvalifikasjonar 
- Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver. 
- Reiseverksemd og kveld- og helgearbeid må påreknast. 
- Administrative oppgåver i stillinga må løysast frå heimekontor. 
Søknad med CV sendast til husetibygda@ungdomslag.no innan 25. mars.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med prosjektleiar Ingunn Nyheim, tlf. 974 03 699, leiar i Sogn og Fjordane Ungdomslag Hildegunn Gjelsvik, tlf. 482 25 625 eller Åge Avedal, medlem i ressursgruppa, tlf. 970 72 734.

