UTVIKLINGSAVTALE OM KULTURBYGG

Mangfald ein god kvalitet

Ein utviklingsavtale er eit samarbeid for å utvikle og forsterke arbeidet til organisasjonane og fylkeskommunen. Begge partar har kunnskap som er viktig for den andre.

Sogn og Fjordane fylkeskommune ser det som viktig å støtte frivillig verksemd i fylket. Det er ein kvalitet i Sogn og Fjordane å ha eit mangfald av organisasjonar. Frivillig sektor er, gjennom kontinuerleg organisasjonsarbeid og aktivitetsutvikling, ein stor og viktig aktør i fylket, seier assisterande fylkesdirektør for næring og kultur, Ingebjørg Erikstad.

Utviklingsavtalene skal medverke til at organisasjonane held fram med å skape trivsel og verdiar i heile fylket, gjennom frivillig arbeid.

Gode møteplassar

Målet med samarbeidet er å skape og utvikle gode, opne møteplassar som er tilgjengeleg for alle i lokalsamfunna i fylket gjennom satsinga Huset i bygda (HiB). Dei skal kartlegge alle typar organisasjonseigde kulturbygg i fylket og presentere desse i ein eigen husbase og i fylkesatlas.

Huset i bygda

Hovudmålet for «HUSET I BYGDA – ein kulturarena der du bur -» er å skape synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg, med allsidige, førebyggjande og inkluderande aktivitetar og tilstellingar.

Dette gjer dei mellon anna gjennom:

  • å halde årlege regionale samlingar og lokale husmøte
  • årleg kulturbyggkonferanse og regionale kurs
  • å bidra til samarbeid og nettverk for huseigarane
  • synleggjering av husa / planarbeid
  • å oppmuntre til nyskaping
  • dokumentasjon av husa

Kulturbyggkonferansen 2016 vert på Eid 12. november 2016. Påmelding innan 05.november til prosjektleiar Ingunn Nyheim, tlf/sms 97403699 eller husetibygda@ungdomslag.no.

Vi samarbeider om

  • at ungdomslagshusa og andre opne lagshus skal vere tilgjengelege for alle ved å vere universelt utforma.
  • å løfte fram og synleggjere ungdomslagshusa og andre opne lagshus, med vekt på grendehus og bygdehus, som viktige kulturarenaer i lokalsamfunnet. Å utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar.
  • å arbeide for å styrke samarbeidet med eksterne aktørar for utvikling av kulturbygga ogfinansiering av bygningsmessige tiltak.
  • ei behovsprøvd ordning om spelemidlar til lokale kulturbygg og på sikt auka løyvingar. Ein skal også arbeide for mva. kompensasjon på lik line med anlegg til fysisk aktivitet.
  • at ein skal fokusere på at kulturbygga skal vere i bruk med aktivitet for ulike målgrupper og at det vert gjort gode behovsvurderingar i høve til aktivitet før ev. oppgraderingar og investeringar i bygga.

Vi samarbeider også om desse konkrete prosjekta

  • Aktivitetskartlegging av organisasjonseigde kulturbygg: vi skal kartlegge aktiviteten som er i husa i dag og vise fram gode døme på hus som er godt tatt vare på og har høg aktivitet.
     
  • Huset i bygda sin husbase, med oversyn over kulturbygg i fylket, skal inn i kartløysinga Fylkesatlas ; du skal finne alle kulturbygg i din kommune som eit temakart i www.fylkesatlas.no.

Andre utviklingsavtalar

Fylkeskommunen har også utviklingsavtalar med frivillig sektor, mellom anna Sogn og Fjordane idrettskrins, og Gloppen musikkfest. Også her er målet å utvikle og forsterke arbeidet til organisasjonane og fylkeskommunen. 

For meir informasjon

Hildegunn Risnes Gjelsvik
leiar Sogn og Fjordane ungdomslag

Ingunn Nyheim
prosjektleiar Huset i bygda
husetibygda@ungdomslag.no
974 03 699

Sissel L. Aarseth
fagkoordinator kulturavdelinga
sissel.lillebo.aarseth@sfj.no
911 52 030