Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag

Husdrift

Brannsikring

gar av forsamlingshus har både krav og plikt til å syte for at branntryggleiken er tilstrekkeleg ivareteken.

Krava til branntryggleik endrar seg stadig. Som hus- eigar er du sjølv ansvarleg for å halde deg oppdaterte på kva krav som til einkvar tid gjeld for ditt forsamlingshus.

Eigar av forsamlingshus har både krav og plikt til å syte for at branntryggleiken er tilstrekkeleg ivareteken.

Er du usikker om det t.d. er nok med røykvarslar eller om de må installere brannalarmanlegg, ta kontakt med ditt lokale brannvesen. Det same gjeld om de er usikker på kva krav som gjeld forsamlingshuset ditt.

Berre godkjende installatørar har lov til å montere og reparere elektriske anlegg og elektrisk utstyr. Mange påsette brannar startar i bygningsmateriale, pappesker og anna søppel. Sørg for at trapperom og garasjar er rydda for brennbare ting. Plasser søppelbehaldarar i god avstand frå bygningar.

Andre aktuelle kjelder:

Forskrift om brannforebygging

TEK17

Plan- og bygningslova

Rettleiing og generell informasjon

Straum

Ha gode rutinar for tilsyn av straumforbruket. Bruk gjerne ein fast person til dette. Det er eksempel på hus som har halvert straumutgiftene sine ved å ha godt tilsyn på huset. Sjå alltid etter omnar o.l. etter utleige av huset. Ofte står alle omnar på fullt når det har vore utleigd. Om huset berre vert brukt til møter o.l. i lengre periodar kan det vere fornuftig å slå av varmtvasstanken, men om det ofte er behov for å bruke varmt vatn lønar det seg ikkje å slå denne av og på.

Sparetiltak:

  • Sjekk med ulike straumselskap om dei kan tilby betre pris (ikkje undervurder dette punktet)
  • Innstaller varmepumpe i staden for å bruke panelomnar
  • Etterisolering
  • Tettningslister
  • Byte ut gamle vedomnar med nye energieffektive
  • Vannsparande amatur
  • Sparepærer
  • Ved kjøp av kvitevarer, sjekk energimerke
  • Installer tidsur og rørsle-sensorar
  • Kontakt ENOVA om moglege energitiltak

Vedlikehald

Når ein eig eit hus er det viktig å regelmessig tilsyn og vedlikehald av eigendomen. Om ikkje vil det bli eit stort etterslep på vedlikehald og ein vil få større utfordringar både arbeidsmessig og økonomisk. Vi har laga eit skriv om vedlikehald og eit forslag til vedlikehaldsplan. I arbeidet med å søke støtte og skrive søknader og prosjektplanar kan denne vedlikehaldsplanen vere til god nytte. Om ein kontinuerlig fyller ut planen og legg inn prisar og planlagt gjennomføring vil ein ha det lett tilgjengelig når ein finn ei støtteordning som passar til tiltaket. Styret vil også på denne måten ha god oversikt over kva som er viktig å prioritere.