
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


På Nynorskens hus i Oslo samla 22 deltakarar frå ulike organisasjonar seg måndag 2. juni til fagsamling om frivilligdrivne kulturbygg. Samlinga løfta fram kor viktige desse husa er som møteplassar for kultur, fellesskap og frivilligheit, og hadde som mål å dele røynsler, løfte felles utfordringar og drøfte korleis organisasjonane saman kan påverke det vidare arbeidet med rammevilkår.
2. juni 2026


Det er no fleirtal på Stortinget for å innføre momskompensasjon til organisasjonseigde kulturbygg. Etter mange år med politisk arbeid ligg det no an til eit historisk gjennombrot for frivillig eigde kulturarenaer over heile landet.
26. mars 2026


Noregs Ungdomslag har fått over to millionar kroner i auka løyving til husarbeid i organisasjonen i 2025. - Dette er resultat av godt arbeid over mange år, seier styreleiar Tone Mjelde.
10. desember 2025


Det vart ein hyggeleg start på desember for ti lokallag i Sogn og Fjordane. På røykvarslardagen 1. desember delte Huset i Bygda, samarbeid med Sparebankstiftelsen Sogn og Fjordane, ut til saman 200 000 kroner til branntryggingstiltak i ungdomshus rundt om i fylket.
1. desember 2025


Korleis kan gamle, tomme bygg få nytt liv, og samtidig revitalisere lokalsamfunnet? Dette er spørsmålet Kulturbygg vil svara på med si nye nasjonale satsing Gjenklang, som blei lansert på Sentralen i Oslo tysdag 11. november.
11. november 2025


Noregs Ungdomslag deltok denne veka på høyring i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, der dei løfta fram behovet for å styrkje rådgjevinga til frivillig eigde kulturhus over heile landet.
5. november 2025


Kulturhusa spelar ei avgjerande rolle i lokalsamfunna som arenaer for frivillig kulturarbeid, sosiale møteplassar og inkluderingsarenaer. Likevel møter mange organisasjonseigde kulturhus økonomiske utfordringar knytt til auka avgifter og manglande forskottering av spelemidlar. Noregs Ungdomslag ber kommunane inkludere desse husa i ordningar for forskottering av spelemidlar og vurdere reduserte kommunale avgifter. Dette vil sikre meir likehandsaming mellom idrett og kulturfrivilligheita, samt styrke kulturhusa si rolle i lokalsamfunna.
7. februar 2025


Det er tid for årsmøte i både lokal- og fylkeslaga. Følgjer laget ditt mønsterlova til NU skal laget gjennomføre årsmøte seinast 15. februar, mens regionlaga må ha gjennomført årsmøtet innan 1. april.
21. januar 2025


Vinnaren av Peparkakehuset i bygda er klart. Det er Bergen Ungdomslag Ervingen som vinn den gjeve utmerkinga i 2024, med deira spektakulære peparkaketolkning av Ungdomshuset Gimle!
19. desember 2024
