VELKOMEN TIL KULTURBYGGKOFERANSEN 2016

Treng du idear til korleis kulturbygget ditt kan bli ein god, inkluderande møtestad? Går du rundt med ein stor draum for kulturbygget, og treng hjelp og inspirasjon til å setje visjonen ut i verklegheit? Ynskjer du å vite meir om søknadsskriving og tilskotsordningar? Eller treng du rett og slett hjelp til å skrive gode søknader og budsjett? Då er dette konferansen for deg!

Dette vert den femte Kulturbyggkonferansen skipa til av Huset i bygda, i regi av Sogn og Fjordane ungdomslag. Denne gongen er det Lagshuset Fram på Stårheim i Eid kommune som vertskap for den årlege fagdagen for kulturbygg.

Set av laurdag 12.november kl 9.30 - 17.30 til fagleg påfyll og inspirasjon.

TEMA FOR DAGEN:     

  • SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE, GURO HØYVIK. Spelemidlar til kulturbygg   
  • SPAREBANKSTIFTINGA SOGN OG FJORDANE, PÅL FIDJESTØL «Søknadskurs med fokus på budsjettskriving»    
  • LEIKANGER UNGDOMSLAG, MAGNAR OG ASTRID BOLSTAD «Frå visjon til verkelegheit – Suksesshistoria 2016»    
  • EID FRIVILLIGSENTRAL, ASTRID GRETE TORHEIM. «Kulturbygga som inkluderingsarenaer» 

Konferansen kostar 400,- kr pr.pers inkl. mat og drikke gjennom dagen. 

Påmelding: Til prosjektleiar for Huset i bygda, Ingunn Nyheim, anten e-post til husetibygda@ungdomslag.no eller tlf/sms til 97403699 så snart som råd, og SEINAST LAURDAG 05.11.16