SPELEMIDLAR TIL KULTURBYGG

 

Guro Høyvik, rådgjevar ved nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, arbeider m.a. med tilskot til kulturbygg. Sogn og Fjordane fylkeskommune forvaltar spelemidlar til kulturbygg på vegne av Kulturdepartementet, i ei ordning med namn desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg.  Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Under Kulturbyggkonferanse på Stårheim laurdag 12.november vil Guro Høyvik gi ei innføring i tilskotsordninga "Spelemidlar til kulturbygg". Ho informerer om :

  • Kva kan ein søkje støtte til?
  • Kva krev søknaden i f.h.t. dokumentasjon/vedlegg.
  • Kva er universell utforming?

Ynskjer de å vere med på Kulturbyggkonferansen? Meld dykk på til prosjektleiar for Huset i bygda, Ingunn Nyheim, snarast og seinast 05.11.16.

Send e-post til husetibygda@ungdomslag.no eller sms/ring tlf 97403699.