Frivilligdrivne kulturbygg samla organisasjonar til fagsamling
På Nynorskens hus i Oslo samla 22 deltakarar frå ulike organisasjonar seg måndag 2. juni til fagsamling om frivilligdrivne kulturbygg. Samlinga løfta fram kor viktige desse husa er som møteplassar for kultur, fellesskap og frivilligheit, og hadde som mål å dele røynsler, løfte felles utfordringar og drøfte korleis organisasjonane saman kan påverke det vidare arbeidet med rammevilkår.

Programmet baud mellom anna på ein politisk samtale om vegen vidare etter vedtaket om momskompensasjon, presentasjonar om bedehus, ungdomshus, og nabolaghus, og gruppearbeid om korleis dei frivilligdrivne bygga kan bli sikra i den komande kulturarenastrategien. Etter panelsamtalen fekk deltakarane òg ei kort omvising i teatersalen og historia til huset og BUL Oslo, ved Marie Nicolaisen.

I samtalane gjennom dagen vart det peika på behovet for meir føreseielege og heilskaplege støtteordningar for eigarar av frivilligdrivne kulturbygg. Fleire løfta fram at det frivillige eigarskapet må takast vare på, og at husa ikkje berre er arenaer for aktivitet, men òg ein viktig sosial infrastruktur i lokalsamfunna. Det vart understreka at slike hus kan motverke einsemd og utanforskap, samle generasjonar og styrkje den lokale tilhøyrsla. Gruppearbeidet synte stort engasjement, og gav mange innspel til det vidare politiske arbeidet.

Arbeidet med kulturarenastrategien blir no særleg viktig for dei frivilligdrivne kulturbygga. Stortinget har vedteke å be regjeringa greie ut ein særskild andel for frivillige lag innanfor den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg, eller på annan måte sørgje for at fleire midlar kjem fram til dei frivillige laga. I same saka har Stortinget òg bede regjeringa vurdere ei eiga momskompensasjonsordning for organisasjonseigde kulturbygg for kostnader knytte til oppgradering, modernisering, energieffektivisering og universell utforming.
For Noregs Ungdomslag er dette arbeidet ein del av eit langsiktig engasjement for å styrkje dei frivilligdrivne kulturbygga som berebjelkar i lokalsamfunna. Gjennom samlinga på Nynorskens hus samla vi erfaringar, løfta felles utfordringar og tok med seg innspel som kan brukast vidare i arbeidet for betre rammevilkår for husa.
Samarbeid på tvers av organisasjonar er avgjerande for å sikre at desse husa får leve vidare, blir teke vare på og fylgde opp. Det blir fleire samlingar i 2026 der frivillig- og organisasjonsdrivne hus står på agendaen:
- 3. juni kl. 19:00-21:00: Hussamling på Gol. Arrangert av Gol Ungdomslag. Stad: Vonheim Ungdomshus
- 11. Juni kl. 15:30-17:30: Nabolagshuset som beredskapsressurs – Kva kan vi bidra med når det verkeleg gjeldt? Arrangert av SoCentral, i samarbeid med blant anna Noregs Ungdomslag og Obos. Arrangementet er digitalt.
- 21.-22. September: Kulturarenakonferanse på Sentralen i Oslo. Dette arrangementet er eit samarbeid mellom fleire organisasjonar, blant anna Noregs Ungdomslag, Kulturrom og Kulturalliansen, med fleire. Meir informasjon om konferansen kjem.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Fleirtal for momskompensasjon for organisasjonseigde kulturbygg
Det er no fleirtal på Stortinget for å innføre momskompensasjon til organisasjonseigde kulturbygg. Etter mange år med politisk arbeid ligg det no an til eit historisk gjennombrot for frivillig eigde kulturarenaer over heile landet.
26. mars 2026


2 millionar ekstra
Noregs Ungdomslag har fått over to millionar kroner i auka løyving til husarbeid i organisasjonen i 2025. - Dette er resultat av godt arbeid over mange år, seier styreleiar Tone Mjelde.
10. desember 2025


Ti lokallag fekk støtte til branntryggleik
Det vart ein hyggeleg start på desember for ti lokallag i Sogn og Fjordane. På røykvarslardagen 1. desember delte Huset i Bygda, samarbeid med Sparebankstiftelsen Sogn og Fjordane, ut til saman 200 000 kroner til branntryggingstiltak i ungdomshus rundt om i fylket.
1. desember 2025

