Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

Arena for nabolagshus er ein nasjonal kunnskapsarena for dei som eig, driv, utviklar eller arbeider med lokale møteplassar. Gjennom arenaen samarbeider organisasjonar og fagmiljø med ulik kompetanse og erfaring om å samle kunnskap, dele erfaringar og finne løysingar på utfordringar som mange nabolagshus står i.
No blir samarbeidet styrka. Styringsgruppa, som til no har følgt og bidrege til utviklinga av arenaen, blir formalisert og får ei tydelegare rolle i det vidare arbeidet. Samtidig skal Noregs Ungdomslag og SoCentral saman stå for den daglege drifta ut prosjektperioden.
– Det finst mykje kompetanse om lokale møteplassar i Noreg, men kunnskapen er spreidd mellom organisasjonar, fagmiljø og dei som sjølve eig og driv husa. Styrken i Arena for nabolagshus er at me samlar denne kompetansen og gjer han lettare tilgjengeleg for dei som treng den, seier partnar i SoCentral, Håkon Iversen.
Ein felles inngang til kunnskap og rådgjeving
Mange nabolagshus blir drivne av frivillige som må handtere spørsmål og utfordringar om alt frå økonomi, organisering og vedlikehald til rekruttering, samarbeid, universell utforming og utvikling av ny aktivitet.
Gjennom rådgjevingstenesta til Arena for nabolagshus kan husa få hjelp med konkrete problemstillingar. Arenaen kan gi råd direkte eller kople huset vidare til organisasjonar og fagmiljø med relevant kompetanse.
– Dei som driv eit lokalt hus skal ikkje måtte finne ut av alt åleine. Arena for nabolagshus skal vere ein felles inngang til kunnskapen og erfaringa som finst på tvers av organisasjonar og fagmiljø. Gjennom det breie samarbeidet kan me kople lokale behov med dei som har kompetansen som trengst, seier generalsekretær i Noregs Ungdomslag, Magni Hjertenes Flyum.
Rådgjevinga gir samtidig arenaen kunnskap om utfordringane og behova husa møter. Slik kan erfaringar frå lokale hus samlast og brukast til å utvikle betre kunnskap, verktøy og løysingar for heile feltet.
Sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen
Arena for nabolagshus deltek på Kulturarenakonferansen 2026 på Sentralen i Oslo 22. september, og inviterer til Sparringsverkstad for nabolagshus. Her kan deltakarane ta med seg konkrete problemstillingar frå sitt eige hus og møte andre med erfaring og kompetanse på området. Sparringsverkstaden tek mellom anna opp økonomi og drift, frivilligheit og mobilisering og partnarskap og samarbeidsmodellar.
– Me ønskjer å bruke kunnskapen som finst i nettverket aktivt. På sparringsverkstaden kan folk kome med ei konkret utfordring frå sitt eige hus og møte både fagfolk og andre som har stått i liknande situasjonar. Målet er ikkje berre å snakke om utfordringane, men å hjelpe kvarandre med å finne moglege løysingar, seier Håkon Iversen.
Sparringsverkstaden blir arrangert 22. september kl. 13.00–15.00 på Sentralen i Oslo som ein del av Kulturarenakonferansen.
Ei felles satsing på lokale møteplassar
Arena for nabolagshus samlar aktørar som arbeider med lokale møteplassar, frivilligheit, kultur, stadutvikling og forsking. I styringsgruppa sit Folkets Hus Landsforbund, Kulturrom, OBOS Samfunnsarena, OsloMet / NIBR, Noregs Ungdomslag, Norges Frivilligsentraler, Norge Unlimited, SoCentral og USN / SESAM. Frivillighet Norge og Ungdom og Fritid deltek som observatørar.
Noregs Ungdomslag og SoCentral har saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, som varer fram til 31. desember 2028. Arbeidet er finansiert av Sparebankstiftelsen DNB, som i juni 2026 tildelte arenaen 4 millionar kroner for perioden 2026–2028. Løyvinga skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar, med mål om å etablere ei varig støttestruktur for nabolagshusfeltet i Noreg.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Frivilligdrivne kulturbygg samla organisasjonar til fagsamling
På Nynorskens hus i Oslo samla 22 deltakarar frå ulike organisasjonar seg måndag 2. juni til fagsamling om frivilligdrivne kulturbygg. Samlinga løfta fram kor viktige desse husa er som møteplassar for kultur, fellesskap og frivilligheit, og hadde som mål å dele røynsler, løfte felles utfordringar og drøfte korleis organisasjonane saman kan påverke det vidare arbeidet med rammevilkår.
2. juni 2026


Fleirtal for momskompensasjon for organisasjonseigde kulturbygg
Det er no fleirtal på Stortinget for å innføre momskompensasjon til organisasjonseigde kulturbygg. Etter mange år med politisk arbeid ligg det no an til eit historisk gjennombrot for frivillig eigde kulturarenaer over heile landet.
26. mars 2026


2 millionar ekstra
Noregs Ungdomslag har fått over to millionar kroner i auka løyving til husarbeid i organisasjonen i 2025. - Dette er resultat av godt arbeid over mange år, seier styreleiar Tone Mjelde.
10. desember 2025

