Ti lokallag fekk støtte til branntryggleik
Det vart ein hyggeleg start på desember for ti lokallag i Sogn og Fjordane. På røykvarslardagen 1. desember delte Huset i Bygda, samarbeid med Sparebankstiftelsen Sogn og Fjordane, ut til saman 200 000 kroner til branntryggingstiltak i ungdomshus rundt om i fylket.

Den nye temaordninga for brannsikring, som vart etablert hausten 2025, skal styrkje tryggleiken i lagseigde bygg.
Lokallaga har søkt om midlar til tiltak som brannvarslingsanlegg, seriekopla røykvarslarar, sløkkeutstyr, skilting av rømningsvegar, rømningsplanar og nødvendig oppgradering av dører og trapper.

Målet er at støtta skal utløyse konkrete og gjennomførlege tiltak for betre branntryggleik i ungdomshusa.


Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Frivilligdrivne kulturbygg samla organisasjonar til fagsamling
På Nynorskens hus i Oslo samla 22 deltakarar frå ulike organisasjonar seg måndag 2. juni til fagsamling om frivilligdrivne kulturbygg. Samlinga løfta fram kor viktige desse husa er som møteplassar for kultur, fellesskap og frivilligheit, og hadde som mål å dele røynsler, løfte felles utfordringar og drøfte korleis organisasjonane saman kan påverke det vidare arbeidet med rammevilkår.
2. juni 2026

