Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
Nyheiter

Dette er vinnaren av Peparkakehuset i bygda!

Vinnaren av Peparkakehuset i bygda er klart. Det er Bergen Ungdomslag Ervingen som vinn den gjeve utmerkinga i 2024, med deira spektakulære peparkaketolkning av Ungdomshuset Gimle!

Bilete av Ervingen Ungdomshus laga som peparkakehus
tre mennesker som lagar peparkakehus.
F.v: Marit Kvamen, Hege Mari Lassemo Støfring og sonen Brage, godt i gong med husbygging! Foto: Marit Kvamen

Bergen ungdomslag Ervingen har laga ungdomshuset Gimle i peparkake! Her er det detaljar både utanpå og inni.

Utsida er rikt dekorert med vindauge og verandaer. Alle dei tre verandaene måtte med!

bilete av Ungdomshuset Gimle, no som peparkakehus
Ungdomshuset Gimle - no som peparkakehus!
bilete av Ungdomshuset Gimle i Bergen
Ungdomshuset Gimle slik det ser ut i verkelegheita.

Men ikkje berre utsida er utforma av sukker og melis - også innsida har fått omtanke. Her er nemleg veggmåleriane komen med, saman med danseglade seigmenn som dansar til kvedargruppa.

bilete av seigmenn stilt opp som leikarring og kvedergruppe
Både dansegleda og songgleda i Gimle har komen med. Valt medium er seigmenn.
tre mennesker visar fram eit peparkakehus, ved sidan av eit juletre
F.v.: Renathe Nilsen, Marit Kvamen og Helge Brøndbo Plassen. Stolte byggmeistrar framfor det ferdige peparkakehuset! Foto: Jone Michaelsen

Byggarane var: Brage, Hege, Helge, Renathe og Marit

Peparkakehus-juryen gratulerar så mykje med sigeren!
God jul!

tre pepperkakehus på rekkje og rad


Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Ny rapport: Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Dette er vinnaren av Peparkakehuset i bygda! | Huset i Bygda