Aktivitetskart

Eit aktivitetskart som skal få fram gode idear og skape engasjement!

Vi har laga eit aktivitetskart som skal hjelpe deg som huseigar til å få fram gode idear og engasjement frå innbyggarane på din heimstad. Tanken er å bruke det som gruppearbeid og at det skal gje deg som huseigar nokre svar på kva innbyggarane kan tenke seg å bruke huset til. Det er utarbeida ein plakat som skal skrivast på og ein folder som rettleiiar til korleis du kan bruke verktøyet. Vi oppfordrar deg til å bruke dette både i styret men og på medlemsmøter, bygdemøter osv. Du kan laste ned filene her eller du kan ta kontakt for å få tilsendt i posten.