650 000 KRONER TIL HUSET I BYGDA FRÅ OVERSKOTET TIL SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE

 
Gåvemidlar_01.jpg

Kulturhusa er viktige møteplassar og er mykje brukt av alle generasjonar til sosialt samvære og variert aktivitet. Mange av husa treng difor utbetring og ombygging.  Dette er kostnadskrevjande, og ein stor dugnadsinnsats frå eigarar og lokalsamfunn er avgjerande.

- Sparebankstiftinga er svært nøgd med det gode samarbeidet med Huset i Bygda, og har difor vedteke å gje dei ei gåve på kr. 650 000. Gåva vil som før gå til bygningsmessige tiltak i lagseigde kulturhus, men i staden for å samarbeide om vurderingane kan Huset i Bygda no prioritere midlane sjølve. I tillegg aukar vi opp beløpet med 150.000 kroner frå i fjor, seier Fidjestøl. For meir informasjon om gåvemidlane, sjå pressemeldinga frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda.

Midlane er delt i to tiltaksgruppar. For større bygningsmessige tiltak er søknadsfrist 15. april. For mindre tiltak (inntil 10 000,-) er det løypande søknadsfrist heile året (så lenge det er midlar).

Søknadsskjema finn du her:

Starten på arb  – kopi.jpg
Askrova_duk.jpg