Eigar av forsamlingshus har både krav og plikt til å syte for at branntryggleiken er tilstrekkeleg ivareteken.

Krava til branntryggleik endrar seg stadig. Som hus- eigar er du sjølv ansvarleg for å halde deg oppdaterte på kva krav som til einkvar tid gjeld for ditt forsamlingshus.

Eigar av forsamlingshus har både krav og plikt til å syte for at branntryggleiken er tilstrekkeleg ivareteken.

Er du usikker om det t.d. er nok med røykvarslar eller om de må installere brannalarmanlegg, ta kontakt med ditt lokale brannvesen. Det same gjeld om de er usikker på kva krav som gjeld forsamlingshuset ditt.

Berre godkjende installatørar har lov til å montere og reparere elektriske anlegg og elektrisk utstyr. Mange påsette brannar startar i bygningsmateriale, pappesker og anna søppel. Sørg for at trapperom og garasjar er rydda for brennbare ting. Plasser søppelbehaldarar i god avstand frå bygningar.

Huset i Bygda har utarbeidd brosjyre om nokre av krava.

Andre aktuelle kjelder:

Forskrift om brannforebygging:

- https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-12-17-1710

TEK 17:

- https://dibk.no/byggereglene/byggteknisk-forskrift-tek17/)

Plan- og bygningslova:

- https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2008-06-27-71

Rettleiing og generell informasjon:

- https://www.dsb.no/lover/brannvern-brannvesen-nodnett/veiledning-til-forskrift/veiledning-til-forskrift-om-brannforebygging/

- https://dibk.no/verktoy-og-veivisere/brannsikkerhet/

Stedjetunet, huset brann ned desember 2017. Foto: Porten.no

Stedjetunet, huset brann ned desember 2017. Foto: Porten.no