18.november er datoen for den aller første kulturhuskonferansen i Møre og Romsdal!

Sett av dagen laurdag 18.november, for då opnar Bygdahuset Vonheim, Fræna kommune, dørene for kulturhuskonferansen 2017. Dette er ei unik anledning for deg som driv eit organisasjonseigd kulturbygg i Møre og Romsdal. På programmet står mellom anna søknadsskriving, tilskotsodningar, spelemiddelordninga for kulturbygg og ikkje minst erfaringsdeling og nettverksbygging. 

Konferansen er open for alle!

For påmelding og meir informasjon, send ein epost til siri@ungdomslag.no eller ring 97083410. Pris: 200,- pr. deltakar, inkl. lunsj, kaffe og litt å bite i gjennom heile dagen.