TRENG KULTURBYGGET DITT NYE STOLAR?

Stolane i kantina og møterommet til Sparebanken skal skiftast ut. Sparebanken meiner det er ille om dei berre skal skrotast. Kanskje kan dei kome til nytte i eit lokalt kulturbygg. Men de må vere raske, for dei ynskjer å ha stolane vekk før 1.august.

Er dette av interesse for dykk, kontakt Sparebanken Sogn og Fjordane ved bankvert Geir Haugen, e-post geir.haugen@ssf.no eller telefon 917 46 840.