REGIONSAMLING FOR KULTURBYGGA I SELJE KOMMUNE

Ynskjer de å styrkje det lokale kulturbygget? Treng de idear om aktivitet og arrangement? Ynskjer de informasjon om tilskotsordningar og søknadsskriving? Er kulturbygget eit tidlegare skulebygg? Vil de vite litt om kva som skjer i Selje kommune? Då er dette eit nyttig informasjonsmøte.

Tema på Regionsamlinga vert:

  • Tips og idear frå Ervik grendahus
  • Aktivitet og økonomi - ved Ingunn Nyheim, prosjektleiar for Huset i bygda.
  • Informasjon frå Selje kommune ved Maria Helgesen: Kulturnatta 2016. UKM. Utstyrssentralen.
  • "Skulen min - Kartlegging og formidling av skulehistorie i Sogn og Fjordane" ved Sigrun Espe og Annette Langedal Holme, Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkekommune.
  • Søknadsskriving og tilskotsorningar -  ved Ingunn Nyheim

Det vert enkel severing. Informasjonsmøte er GRATIS.

PÅMELDING INNAN ONSDAG 21.09.16 til prosjektleiar for Huset i bygda, Ingunn Nyheim, på sms/tlf 97403699 eller e-post husetibygda@ungdomslag.no.