SØK STØTTE TIL KULTURBYGGET DITT

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane prøver i år ei eiga søknadsordning for lagseigde kulturhus med søknadsfrist 15. april.

Ordninga med eigen søknadsfrist for lagseigde kulturhus gjeld altså kun for lag som eig eit lagshus som dei skal fikse, pusse opp eller utbetre.

Forsøksordning for bygningsmessige tiltak i lagseigde kulturhus:
Målet med ordninga er å få ei heilskapeleg handsaming av søknadar om bygningsmessige tiltak i lagseigde kulturhus (opprusting, rehabilitering og utvikling). Vi ynskjer også å stimulere fleire kulturbygg til å søkje spelemidlar (desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg), og innfører i år ei forsøksordning med eigen søknadsfrist på slike søknadar. Søknadane vil bli handsama i samråd med Huset i Bygda og fylkeskommunen, og eit av måla med ordninga er å hjelpe lagshusa også til å søkje spelemidlar etter kvart – så vi voner så mange som mogleg også vil ta kontakt med kommunen sin for å få registrert ein spelemiddelsøknad. (men dette er ikkje noko krav til å søkje – og om ikke ein rekk det i år, kan den vere ein moglegheit til neste år.)

Ordninga er tildelt ei ramme på 500.000 kroner av gåvemidlane frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i 2016.

Les meir på : http://www.sparebankstiftinga.no/

Link til søknadsskjema: https://stiftio.com/sparebankstiftinga/

PS: du må registrere deg første gongen her, sjølv om du har registrert deg i det vanlege søknadsystemet til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane!

Alle søknadar må registrerast på denne søknadsportalen; det er ikkje høve til å sende inn søknad på annan måte. Som hovudregel ynskjer ein så fullstendige opplysningar om søkjar og om tiltaket som mogleg. Ver obs på at mangelfulle eller uklare opplysningar kan vere grunnlag for avslag. Budsjett for tiltaket er eit krav. Men ellers er det eit enkel søknadsskjema.

SØKNADSFRISTEN er 15. april (dvs. til og med 15. april)

LYKKE TIL MED SØKNADEN!